3-03-10 19:34
SIKKER PÅ GOD AMBULANSEAVTALE

Av BY: EIRIK HAUGEN
Ordførar Kristin Handeland er overbevist om at ein ny ambulanseavtale mellom Helse Bergen og Fedje kommune kjem til å verta til det beste for folket på Fedje.
Som Nh tidlegare har skrive har Helse Bergen send brev til Fedje kommune der dei seier opp den eksisterande ambulanseavtalen på øya med verknad frå 1. januar neste år.
Førre tirsdag hadde representantar frå Fedje kommune og Helse Bergen, mellom desse direktør Stener Kvinnsland, eit møte på Haukeland der framtida vart diskutert. Handeland kan fortelja at ho reiste frå Bergen med ei svært god kjensle.
Les meir i Nordhordland.
|
| |