4-02-10 12:57
FÅR IKKJE VERE MED PÅ AVGJERDA

Av BY: EIRIK HAUGEN
Dei tilsette ved ambulansetenesta i Vinje har ikkje blitt tekne med på råd i arbeidet med plassering av den nye ambulansesentralen.
– Det me ynskjer oss, er ein oppvarma garasje der det er mogleg å få vaska bilen. Slik det er i dag er me den einaste ambulansesentralen i Vest-Telemark utan ein ordentleg garasje. Å vaske ein bil når det er 20 minusgrader ute er så og seie umogleg. Etter ein tur til Skien kan du tenke deg korleis bilen blir sjåande ut utvendig, og innvendig er han ikkje mykje betre. Ein kan no tenke seg korleis det kan sjå ut om pasienten me køyrer har vore i ei bilulukke, til dømes, seier ambulansesjåførane Jostein Sandvik og Grete Tvitekkja. Dei har ikkje blitt informerte om gangen i ambulansesaka, og har heller ikkje blitt tekne med på råd, fortel dei.
Les meir hjå Vest-Telemark Blad.
|
| |