Kappkøyrde med ambulanse
Politiet fekk kl 22.45 sundag kveld melding frå Skjold om ein ambulanse under utryking hadde fylgje på veg mot sjukehuset i Haugesund.
Ambulansesjåføren konstaterte at bilen bak låg langt over fartsgrensa frå Ølen til Frakkagjerd, og kontakta politiet. Ei politipatrulje blei sendt ut og den unge bilføraren med førarkort på prøve, blei stansa.
- 18-åringe erkjente dei faktiske forhold, blei anmeldt og samtykka i beslag av førarkort, seier operasjonsleiar Svein Roald Vikse ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til Grannar.
Tips en venn
